5.16. Vis fargetilassing

Med Vis fargetilassing kan du velja fargetilpassinga for visinga. Du finn fleire detaljar om dei ulike vala i Fargetilpassing .

Som oftast vil relativ kolorimetrisk (standard) gje det beste resultatet. Dersom du brukar ein annan skjermprofil enn LUT, (dei fleste skjermprofilane er matriser) vert perseptuell i praksis relativ kolorimetrisk.

For å få ein ide om korleis biletet vil sjå ut med den valde fargeprofilen, vel Vis → Fargestyring → Fargar for utskriftssimulering.

5.16.1. Slik slår du på undermenyen

Du har tilgang til denne undermenyen frå hovudmenyen via Vis → Fargestyring → Vis fargetilpassing og så velja den ønskte innstillinga.